Det gode livet


Det bles
Det einaste vi hører er susen ifrå skogen og små dunk når tømmerstokkane fell på plass. Pusten til hestane og vår eigen. Det luktar skog og tømmer og hest. Vi er tre-fire kilometer frå Flisa i Østerdalen.

Ein mann og tre hestar. Det var ikkje vanleg før. Han kjører hestane fram presis dit han vil. Får dei nokre centimeter fram eller tilbake. Tar dei tunge stokkane først slik at dei kjem i botnen av lasset. Utnyttar terrenget og dei andre stokkane for å gjere jobben så lett som råd. Stokkane fell på plass ein etter ein. Hestane står mest og kviler. Et snø og gneg bork. Til slutt strammar mannen siste lasset til bukken med kjetting og bjønn. Han hoppar opp på lasset til hingsten fremst i rekkja. Tar taumane. Det ber ned lia.



Hingsten heiter Vae-Svarten. Sjølv heiter han Dag Tore Syversen. Den neste hingsten i følgjet kjem etter av seg sjølv. Han heiter Silkesvarten.
– Du kan kalle han Svarten, seier Dag Tore litt brydd.
Silkesvarten fekk namn etter TV-serien som døtrene i familien såg på den tida. Til slutt kjem Marron. Han er vallak. Han er litt meir dempa enn hingstane. Men Dag Tore likar hingstar best.
– Du tar litt av vettet også når du kastrerer, seier han.
Det er glatt og lite snø. Før bratte bakkar bremsar hestane opp og held avstand. Utfor bakkane lar dei det stå til. Dei er aldri langt bak. Viss dei får problem står dei stille og ventar. Kloke dyr.

Nede på velteplassen sorterer Dag Tore stokkane. Så går dei raskt opp bakkane att til nye lass. Avstanden kan vere ein kilometer. Det er tungt å gå oppover. Hestane dampar av sveitte. Det gjer vi alle. Det er berre Dag Tore som ikkje får kvile. Han går i gang med å lempe tømmer på nye lass. Dei gjør to vendingar. Så er det mat og kvil.

Etter maten gjer dei to vendingar til, så er det kvelden. Kvar hest tar om lag eit og eit halvt tonn på denne kjøringa. Det blir 4-5 tonn i vendinga og 16-20 tonn på ein vanleg dag. Det er slikt som ein stor lastberar, ein skogsmaskin, kan ta i eit lass.

Om økonomi og maskinromantikk

I fagmiljøet meiner mange at hesten ikkje har noko framtid i skogen. Hestekjørarar blir karakteriserte som romantikarar.
– Eg vil samanlikne hesten med seglbåten, seier Tore Molteberg i Det norske Skogselskap, viss du berre er interessert nok så får du til å segle rundt heile jorda.

Men det er mange skogeigarar som vil ha Dag Tore Syversen, bror hans og dei andre hoggarane i skogen sin. Dei må takke nei til mange.
Korleis kan du konkurrere med slike maskinar?
– Dei kjører inn ein masse pengar. Men det meste av dei pengane går til bankar og maskinfabrikkar i utlandet, svarar han.

– I dag er det veldig få som vil betale noe ekstra for å verne skogen sin. Somme er miljøbevisste, men dei fleste bryr seg ikkje. Han eg kjører for no er eit unntak. Han tar vare på skogen. Men elles er det kortsiktig økonomi som er grunnen til at så mange vil ha oss.

Skogeigaren som får slik ein fin attest heiter Eivind Sorknes.
Korfor vil du ha hest i skogen din?
– Det blir mindre kjøreskader på skogen, terreng og vegar. Hesten kjem jo greitt fram overalt.
Men de som no nyttar hest. Gjer de nokre økonomiske offer?
– Nei. Eg trur ingen gjer dette av reint idealistiske grunnar. Det må vere ein basis i økonomien, og det er det jo.
Er det økonomiske fordeler ved dette?
– Ja det kan det være. Skader på røter og stammer gir meir råte på skogen.

Men konkurrerer hestekjøringa reint økonomisk?
– Ikkje på sluttdrift. Ikkje viss du reknar per kubikk. Men ser du på dei langsiktige sidene er biletet annleis, særleg på mindre eigedomar. Tynningshogst er noko heilt anna. Der konkurrere hesten på pris også.

Eivind Sorknes dreg òg fram ein faktor som er med å gjere Syversen-brørnes driveform populær: Dei er så flinke til å hogge. Dei dankar ut hogstmaskina der. Og dei kappar treet 10-20 cm lenger ned enn det maskina gjer. – På tynning i furuskog låg vi 20-30 kroner billigare på kubikken enn Glommen. På tynning har dei ikkje sjanse, seier han.
Likevel kjører det aller fleste tynninga med maskin?
– Det er berre fordi det ikkje finst hestekjøyrarar til å ta det.

Men det er ikkje berre mangelen på hestekjøyrarar som er grunnen. Dag Tore peiker og på at det finst ein slag maskinromantikk ute på bygdene. Store gutar skal ha store maskinar i skogen sin. Sjølv når det ikkje svarar seg økonomisk.

Naturvern

Det har blitt fleire hestekøyrarar, særleg på Flisa. Ein dag var det seks hestar i arbeid på same hogstfeltet. I dag konkurrerer hest og maskin på like fot. Men lastberarane lager djupe søkk og skader på naturen. Krav om skånsam drift nær byane er alt reist. Lite har skjedd. Dersom det blir strengare krav til drifta i skogområde i framtida vil hesten styrke sin posisjon. Men den faktiske økonomiske politikken går framleis til fordel for maskinane. Renta er lav, og i 1996 kutta staten bort heile

investeringsavgifta på skogsmaskinar.
– Det var ho Gro som ordna det, seier Dag Tore.
Har du fått noko støtte frå det offentlege?
– Nei, eg har ikkje det. Han flirer.

Pengane og livet

Dette er ikkje noko kortvarig romantisk eventyr. Det er lange dagar med mykje arbeid. Han starta i skogen alt som 12-åring. Han har drivi slik for fullt sidan 1973. Da var han 17. I dag er inntekta frå skogen er einaste familieinntekta. Dei har fire ungar.
Tener du nok på dette arbeidet da?
– Eigentleg gjer eg ikkje det. Hadde vi hatt to inntekter ville det vore greitt. Men vi har berre denne inntekta og da er det eigentleg lite.

Så du tener ikkje like godt som dei som sitt og kjører maskin?
– Nei eg gjer nok ikkje det, - men så er det no slik at dei fleste av dei som driv med desse maskinane, dei går jo konkurs.
Er det mykje interesse for det du arbeider med her i bygda?
– Nei dette blir sett på som heilt avleggs her. Ein kuriositet, reknar eg med.
Da kjem dei vel for å sjå?
– Eg undrar meg litt over det der, flirer han. – Alle desse som skaut hestane sine da traktoren kom. Dei er gamle no. Eg trur dei må sitje og spille bingo. Eg ser dei aldri her. – Korfor valde du dette arbeidet?
– Eg veit ikkje. svarar han, blir stille. – Eg nyt naturen. Eit fritt liv. Trass alt.
Sjølv om ein må på arbeidet heile tida.


Bernt Eide 1997 (fotografi og tekst)
Publisert i Dag og Tid