Spor etter Robert


– Det blir like mye snøskufling som tømmerhogst, seier han, – det var vel ein meter og tretti ved juletider. Så har det vel sokke litt og så snør det jo stadig.
Han skuffer unna laussnøen rundt treet. Han høgg vekk islaget under, heilt ned til lyngen. Så set han skuffa i snøen og finn fram motorsaga.

Han treng plass til saga og plass til å komma seg raskt unna. Først skjer han ut ein bit av treet på den sida han vil at det skal falle. Så skjer han det tvers av, heilt nede ved rota. Han set eit brytespett inn i sagskjeret og bender treet overende. Han skundar seg ut av snøgrava med motorsaga i eine handa og brytespettet i den andre.

Før treet er i ro vassar han gjennom laussnøen mot den liggjande stammen. Motorsaga glir lett over borken og tar med seg kvistane. Han merkar av kor stammen skal kappast, så vassar han vidare mot neste tre.

Robert har vandra i desse skogane lenger enn nokon elg. Han starta i skogen saman med far sin då han var åtte og gjekk annankvar dag i skolen. Då han vart 15 starta han for fullt. Den gongen var det øks, stokkesag og borkespade og hest. I dag er det datastyrte skogprosessorar. Dei arbeider for ti-tolv og kostar tre-fire millionar. Robert driv manuell hogst. Det er ikkje mange av dei att.



Kjedeskift.

– Eg trur det er bruk for nokon av oss. Når det gjeld verdifull furu kan vi konkurrere og når det gjeld skånsam hogst. Og så treng dei oss om somrane. Det er ikkje lett å få ungdommen til å begynne med manuell hogst. Dei vil vel heller sitja i ein skogprosessor. Men det har vel noe med lønn og framtidsutsikter å gjøra også. Eg har fastlønn, men det er akkord som er det vanlege. Eg håper vi er så pass verneverdige at vi har ei viss framtid. Robert Hermansen var ute av skogen i ni år.

– Korfor slutta du?
– Eg kutta meg i handa eit par gonger. Den tredje gongen fekk eg skrekken. Det var klokka mi som berga meg. Motorsaga for ned i venstre handleddet. Eg hugsar eg stod å så ned i såret på pulsåra mi. Ho låg der og pumpa. Ho var heilt frilagt og heilt uskadd. Det var langt til folk.

Etter ni år med pendling til Oslo orka han ikkje det meir. Han starta i skogen att. Det har han ikkje angra på.

– Eg liker meg i skogen. Eg synest det er triveleg. Eg har jo fått det inn med morsmjølka, liksom. Det er vel det som gjør at det sit i deg. Det er fint om hausten når vi begynner å hogge tømmer, det ser eg fram til. Men sånn som det er no, er det eigentleg altfor tungt.


Bernt Eide 1994 ((Fotografi og tekst)

Publisert i Dag og Tid.


Lett på foten når treet fell.